Kjærleik Lyrics

von Gaate
Lyrics
Eg vil ikkje vera slave!
Kjærleiken er ingen klave
Du bitt ikring ei kvinnesjel
Kjærleik er å vilja vel!

Eg vil ikkje la meg eige.
Du kan ingen hjarto leige.
Eg er'kje noko som du stel.
Kjærleik er å vilja vel!

Elsk meg, elsk meg med det gode,
Det som ligg I manneblodet.
Det er'kje nett når hanen gjel.
Kjærleik er å vilja vel!

Har du nokon hjartekjære,
Elskar du med all di ære.
For elskhug er som bråe e'l
Kjærleik er å vilja vel!

Eg vil livet atterføde.
Liksom jorda bera grøde.
Så elsk meg ikkje beint ihel.
Kjærleik er å vilja vel!
Writer(s): Knut Buen, Kaare Nordstoga, Garnas Agnes Buen
Lyrics powered by www.musixmatch.com
Was als nächstes?

Dein Karma steigt mit jedem Klick! Teile den Guru-Link und bring Lyrics in die Welt.

Alle Lyrics
Gaate - Kjærleik
Quelle: Youtube
0:00
0:00